Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Nærgåande skisser
NRK-profil Erling Lægreid med ny portrettbok.
Av Bent Johan Mosfjell, 13. August 2011, kl. 23.47

Pressemelding fra Samlaget:

Nærgåande skisser16.8. på Litteraturhuset i Oslo kl 19 lanserer Samlaget Erling Lægreids varme portrettbok Nærgåande skisser med 40 miniportrett av mellom anna Olav H- Hauge, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jens Bjørneboe, Wenche Foss, og Einar Førde. Alle er døde, men i særeigen stil viser Lægreid kor levande dei var. Møt Erling Lægreid i samtale med redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik.

Den mildt sarkastiske og slagferdige NRK-profilen leverer usminka og nærgåande miniportrett av 40 personar i norsk kultur- og samfunnsliv. Med varme og sympati syner desse minneglimta delvis ukjende episodar og sider ved personar som har vore med og prega den nære fortida vår, som Jens Bjørneboe, Karl Evang, Agnar Mykle, Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jakob Sande, Geirr Tveitt, Hartvig Kiran, Einar Gerhardsen, Torolv Elster, Kåre Fostervoll, Harald Sæverud, Marie Takvam, Inger Hagerup, Aslaug Vaa, Ola Raknes, Mosse Jørgensen, Per Aabel, Arnljot Eggen, Erik Bye, Guttorm Hansen, Arthur Klæboe og Einar Førde.

Alle er døde, men i sin uvørdne, egosentriske, direkte og særeigne stil evnar Lægreid å vise kor levande dei var.

ERLING LÆGREID (f. 1939) er forfattar og journalist og jobba i NRK frå 1970 til 2009. Han arbeidde i Barne- og Ungdomsavdelinga og var programleiar i «Ungdommens Radioavis», Flimra og Søndagsavisa. Han var også med på å etablere radiomagasinene Ekko og Dagsnytt 18 og har vore ansvarleg for ei rekkje kulturprogram i P1 og P2.


Del denne pressemeldingen på: