Ein dokumentar om norsk fredspolitikk
Pressemelding fra Spartacus:
Noralv Pedersen
Den gode viljen
Ein dokumentar om norsk fredspolitikk
Aust-Timor er ein av over tjue freds- og forsoningsprosessar som Norge er aktivt inne i. Regjeringa brukar nærare éin milliard kroner på den norske fredspolitikken, og Jonas Gahr Støre har varsla auka satsing.
Med utgangspunkt i det norske forsoningsprosjektet i Aust-Timor granskar denne boka Norge si rolle som fredsdue. Kva resultat har nesten tjue år med norsk fredsdiplomati hatt for Norge? Og for landa som norske diplomatar prøver å skape varig fred i? Og kva er det Norge ønskjer å oppnå med sitt fredsengasjement?
Forfattaren følgjer spesialutsending Gunnar Stålsett i felten i Aust-Timor. Gjennom observasjon og intervju med Stålsett og dei austtimoresiske aktørane i forsoningsprosessen får me eit unikt innblikk i norsk fredsarbeid i praksis.
Noralv Pedersen
er Cand.Polit og journalist i NRK. Han har tidligare vore journalist og spaltist i m.a. Dag og Tid og Klassekampen.