Fattigdom og rikdom i det moderne Noreg.
Pressemelding fra Samlaget:
Sosial rettferd
Av Kjell Underlid
Sosial rettferd er eit av dei mest hylla politiske og etiske ideala, og har mobilisert store folkegrupper til kamp for ulike rettferdskrav. Fattigdomsdebatten i samband med valkampen viser at dette er eit sentralt og sjølvsagt tema. Ordet er på alle sine lepper, men kva er sosial rettferd?
Boka tek for seg rettferdsomgrepet og ulike prinsipp for fordeling av gode og bører i samfunnet.
Søkelyset er spesielt retta mot klasseskilje – fattigdom og rikdom – i det moderne norske samfunnet
Forfattaren stiller spørsmål som: Kan ein seie at fattigdom og rikdom er rettferdig? Er fattigdom fortent? Underlid viser korleis rettferd og urettferd ikkje berre er abstrakte teoriar, men fenomen som gjeld levande menneske og konkret politikk.
Det er første gong det føreligg ei samla og tverrfagleg framstilling av emnet sosial rettferd på norsk. Sosial rettferd er ei fagbok, men kan med fordel lesast av alle som er interesserte i velferd og fordelingspolitikk.
Kjell Underlid er professor ved Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Bergen. Han har mellom anna gitt ut boka Fattigdommens psykologi (2005).