Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Rønnaug Kleiva
Forfatteren blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2010.
Av Bent Johan Mosfjell, 5. August 2009, kl. 18.14

Pressemelding fra Samlaget:

Rønnaug KleivaForfattaren Rønnaug Kleiva frå Ørsta blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010. Ho er den syttande forfattaren som får denne æra. Dei nynorske festspela 2010 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 23. juni til søndag 27. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Kleiva debuterte i 1985 og kan dermed feire 25-årsjubileum som forfattar neste år. Ho har gitt ut 22 bøker i mange sjangrar og er omsett til åtte språk, mellom anna serbisk, gresk og russisk. I september kjem ho med ein ny ungdomsroman på Det Norske Samlaget.

– Eg liker å skrive i ulike sjangrar. Eg hadde ikkje orka å skrive berre same typen bøker heile tida. Dikt skulle eg gjerne ha skrive meir av, men i staden puttar eg poesien inn i prosaen, seier Rønnaug Kleiva, som gler seg stort til å vere festspeldiktar.

Kleiva har fått mange strålande kritikkar for bøkene sine. Ho skaper stilrein og konsekvent litteratur, skriv litteraturkritikaren Odd W. Surén i ein artikkel om Kleiva på det nye nettleksikonet Allkunne. Ho grip ikkje retusjerande inn i hendingane ho skildrar, skriv Surén, ”men let dei utvikle seg organisk og naturleg, utan omsyn til kor mykje av personane dei avslører, og kor kompromitterande dette er for dei”.

Kleiva debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985, og har til no gitt ut 22 bøker for born, unge og vaksne. Forfattarskapen spenner frå dikt og prosalyrikk til barnebøker og ungdomsromanar og vidare til romanar, noveller og skodespel. Nesten alle bøkene er gitt ut på Det Norske Samlaget.

Ho har fått mange prisar for bøkene sine, mellom anna både Kritikarprisen og Kultur- og kyrkjedepartements pris for ”Ikkje gløym å klappe katten” som beste barne- og ungdomsbok i 1997.

Forlagssjef i Samlaget, Margit Walsø, seier dette om tildelinga:

- Det er stor stas og vel fortent at Rønnaug Kleiva er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2010. Kleivas tydelege litterære stemme kjem til uttrykk i mange sjangrar, og i bøker for både barn og vaksne. Forfattarens breie orientering og den alltid tydelege kvaliteten viser styrken i denne forfattarskapen.

Bilde fra forlaget.

Del denne pressemeldingen på: