Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Ordleiksboka
Leiken barnebok om språk.
Av Bent Johan Mosfjell, 28. Oktober 2008, kl. 15.59

Pressemelding fra Skald:

OrdleiksbokaOrdleiksboka er tittelen på haustens barnebok frå Skald forlag. Det er første gong ei slik omfattande bok om språk, ord og uttrykk for barn vert utgitt i Noreg. Bak boka står forfattar og språkforskar Olaf Husby og illustratør Stina Langlo Ørdal, samt direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim og lingvist og dialektforskar Øystein Vangsnes.

- Ord og uttrykk er rundt oss kvar dag. Å bruke språket er noko av det mest naturlege i kvardagen vår. Men det er mykje meir å oppdage i bokstavverda, og språk er eit ypparleg utgangspunkt for kreative leikar, seier forlagsredaktør Simone Stibbe.

"Ordleiksboka" er ei samling på 218 fargerike sider smekkfulle av humoristiske leikar med ord, uttrykk, ordtak, dialekter og mykje meir. Alle bokstavane i alfabetet har fått sine eigne kapittel, og forfattarane skriv ein del kvar til kvart kapittel.

- Forfattarane skriv om det dei er ekspertar på. Dialektforskar Øystein Vangsnes tek seg av ulike dialektord, og Sylfest Lomheim forklarar ord i kjend Språkteigen-stil, fortel Stibbe vidare.

"Ordleiksboka" gir barna ein morosam og kreativ veg til språket vårt.
Barna vert oppmoda til språkleik gjennom å dele ord, forandre meining på ord, og rett og slett skape ei heilt ny forståing av ord. Boka er aktiviserande - ei leikebok der heile familien kan ha det moro med ord og setningar.

-------------------------
Les smakebit her (pdf).


Del denne pressemeldingen på: