Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Brekkvakt
Fiskar på sjø, fiskar i land.
Av Bent Johan Mosfjell, 6. Februar 2008, kl. 1.18

Pressemelding fra Commentum:

BrekkvaktNY BOK: Brekkvakt. Fiskar på sjø, fiskar i land.
Velskriven, ramsalt dokumentar om livet som fiskar.

Etter å ha reist ein del år på forskjellige båtar, både som fiskar og som stuert, innsåg forfattar Tonny Salt frå Ålesund at det faktisk er ein del av kulturarven vår som er i ferd med å gå tapt. Resultatet blei boka ”Brekkvakt. Fiskar på sjø, fiskar i land”.

Trålarar finst det sjølvsagt framleis, og dei kjem nok også til å overleve stadig strengare krav til auka inntening. Det same gjer nok kystflåten med sine sjarkar og småbåtar. Det som kjem til å forsvinne, er utan tvil bankline­flåten slik den har sett ut til no. Det som kjem til å overta er stadig større båtar som er bygde for framtida, og dei krav både til inntening og arbeidstidsreguleringar som blir lagt til grunn.

Tonny Salt tek tak i dagleglivet om bord i ein gjennomsnitts linebåt av førre generasjon. Ein av dei aller siste i sitt slag. Her skildrar han korleis denne kanskje framande og ”eksotiske” levemåten sette sitt preg på både fiskarane og dei i kretsane rundt. Linefiskarane har tradisjon for å bli sett på som menn blant menn. På godt og vondt.

Tittel: Brekkvakt, fiskar på sjø - fiskar i land
Forfatter: Tonny Salt
ISBN: 9788292309940
Genre: Fakta
Antall sider: 160
Ferdiggjøring: Innbundet


Del denne pressemeldingen på: