Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
XU
Spennande krigshistorie
Av Bent Johan Mosfjell, 8. Mai 2007, kl. 9.21

Pressemelding fra Samlaget:

XU. I hemmeleg teneste 1940-45Boka XU. I hemmeleg teneste 1940-45 fortel historia om etterretningsorganisasjonen XU, ein organisasjon som var minst like sentral og viktig som Milorg, men som i ettertid har blitt lite kjent, mellom anna på grunn av teieplikten dei involverte blei pålagt.

Ny utgåve av boka om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen. Denne djupt hemmelege organisasjonen kartla i detalj tyske anlegg og tropper i det okkuperte Norge, og hadde fleire agentar inne i Hitler-Tyskland. Ein av dei, Sverre Bergh, avslørte utviklinga av banebrytande tyske rakettvåpen (V2) og leverte sentrale rapportar om det nazistiske atomvåpenprosjektet.

XU skulle vera usynleg, men aktiviteten var dramatisk: falske identitetar, giftampullar til sjølvmord, celleoppbygging for å unngå at alt rakna under tortur, utvikling av geniale kodesystem og metodar for mikrofotografering. XU lukkast så godt med det hemmelege spelet at organisasjonen er lite kjent i Norge, trass i at den fekk internasjonalt ry.

Boka kom første gong august 1995. I den nye utgåva blir det lagt fram opplysningar som styrkar påstanden til den amerikanske historikaren Arnold Kramish: ”XU var den best organiserte og mest produktive etterretningsorganisasjonen som opererte under den andre verdskrigen.”

XU. I hemmeleg teneste 1940-45
Forfatter: Svein Sæter
ISBN: 9788252169980
Pris: 349,00
Utgjeve: 2007


Del denne pressemeldingen på: