Norges første opne bokprosjekt
Pressemelding fra Skald:
2. april lanserer Skald Norges første opne bokprosjekt. «Open bok» er ei nettbasert bok der alle kan vera med å skrive og redigere. Ung eller gamal, skrivekløe eller ein trong til å pirke på andre sine tekstar, då er dette midt i blinken. I utgangspunktet er dette eit ikkje-kommersielt bokprosjekt som Skald startar for å stimulere skrivelysta blant folk på ein ny måte. Hovudmålet er å ha det moro. På denne måten kan folk få innsikt i bokprosessen, ved at dei kan vere forfattar eller redaktør. Alt ein treng er tilgang til Internett, helst med eige brukarnamn eller anonymt viss ein vil.
– Vi tykte at ein skriveverkstad på nettet – ope for alle – var freistande å prøve, seier forlagsredaktør Simone Stibbe. Det er veldig tidsriktig å uttrykke seg på nettet, som til dømes gjennom blogg, men vi legg opp til meir enn berre å skrive. Her kan folk også prøve seg som redaktørar. Teksten er skrive på nynorsk, men det er ikkje noko hinder. Viss det vert skrive på bokmål, kjem nokon til å rette på det.
Skald forlag stiller sjølv med redaktørar som held auge med det som skjer på sida. Dersom boka vert utgjeven, vil halvparten av eit eventuelt overskot gå til organisasjonar som jobbar med å fremja skrive- og leselysta som til dømes foreningen !les og Wikimedia Foundation, som delvis står bak programvaren som vert nytta.
– Sidan det er første gong vi gjer dette, set vi ingen sluttdato, seier Stibbe. I staden held vi prosjektet gåande så lenge det er god aktivitet på nettsida. Vi tek sikte på å publisere boka digitalt når teksten har teke form.
Mer info om prosjektet
Siden til selve bokprosjektet