Kyrkje- og kulturdepartementets litteraturpris til Marit Kaldhol
Pressemelding fra Samlaget:
Marit Kaldhol får 23. mars kyrkje- og kulturdepartementets littaraturpris for beste barnebok i 2006. Kaldhol får prisen for Kino, ei særs kritikarrost samling noveller for unge.
Litteraturprisen er på kr. 45.000 og blir delt ut fredag 23. mars kl 14.00 i Nasjonalbibliotekets store auditorium i Oslo. Prisen blir delt ut av kulturminister Trond Giske.
Kino er ei sterk og engasjerande samling noveller, der lesaren lett slår lag med hovudpersonen og ikkje skil mellom fantasi og røynd. Novellene tek ofte utgangspunkt i skrekk- eller lystfantasiar mange unge vil kjenne att, og viser korleis mange har det med seg sjølv i sine første tenåra.
Marit Kaldhol (f. 1955) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 1983 og har gitt ut ei rekkje bøker både for barn og vaksne, innan dei fleste sjangrar.
Dette sa kritikarane om Kino då den kom ut:
"Formfullendte fortellinger om følelser i knopp" Fartein Horgar, Adresseavisen
"Skarp ungdombok ... Balanserer på slak line mellom fantasi og virkelighet" Guri Fjeldberg, BT
"Det er med et visst ubehag man leser disse veldreide novellene" Maya Troberg Djuve, Dagbladet
"Vellykkete og fascinerende noveller" Inger Østenstad, www.barnebokkritikk.no
"Det er ingen overdrivelse å påstå at Marit Kaldhol har skrevet vårens vakreste bok for ungdom" Geir Vestad Hamar, Arbeiderblad