Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Hunden Parabol tenkjer på månen
Mottatt fra Samlaget
Av Bent Johan Mosfjell, 11. Januar 2007, kl. 9.15

Hunden Parabol tenkjer på månen

Mary Bente Bringslid brakdebuterte med Dei blå revane i 2003, ei bok som fekk Kultur- og kyrkjedepartemenetets debutantpris for barnebøker. No er ho aktuell ei ny underfundig diktsamling for barn, Hunden Parabol tenkjer på månen.

Forfattaren debuterte skjønnlitterært med barnediktsamlinga ”Dei blå revane” i 2003, og gjorde seg fortent til Kultur- og kyrkjedepartementets debutantpris for barnebøker. No er Bringslid ute med ei ny samling underfundige, poengterte og språkleikande dikt.

Dei fortel om tankar og funderingar som både bussar, steinar, lauv og blomar held seg med, og aller mest fortel dei om ulike dyrs personlegdom og filosofi:

Hundetru
Månen ja, seier hunden,
den heng der på himmelen og ventar på ul
Det er difor den er så stille
Det er difor den er så gul


Del denne pressemeldingen på: