Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Smittsam turglede
Tor Yttri aktuell med praktboka TIL FJELLS
Av Kari Hagen, 12. November 2006, kl. 20.21

Til Fjells.bmp
Fotograf Tor Yttri har gjennom mange år samla naturopplevingar. No debuterer journalisten med boka TIL FJELLS som kjem ut på Skald forlag.

Gjennom praktboka ynskjer Yttri å dela turgleda med andre. Han tek lesaren med på både fottur, skitur, padletur, klatretur, ridetur og tinderandling.

Han viser oss turar for store og små og at vi ikkje nødvendigvis treng å gå langt for å oppleva storslagen natur.

Nokre turmål kan liggja rett bak huset vårt.
Tor Yttri er også ein heilt vanleg turgåar, og turane han presenterer i boka er for folk flest.

Ein treng ikkje vera den tøffaste av dei tøffe.
I boka kan vi følgje han på 28 feiande flotte turar i Sogndalsdalen, Jostedalen og andre lustradalar, på turar frå Årdal,Sognefjellet og i Hurrungane.

Boka vert lansert torsdag 9. november.

– Mest av alt er eg glad i all den moroa og alle dei gode opplevinga fjella våre byr på.

Gode minne er gode å ha med seg i livet, og slike samlar vi mange av i fjellet, seier forfattar Tor Yttri.



Del denne pressemeldingen på: