Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Blåmann Barnebokklubb jublar:
5-årsfeiring med nynorsk sjokoladefabrikk
Av Kari Hagen, 1. November 2006, kl. 18.40

Blåmann Barnebokklubb feirar 5-årsjubileum i haust og i samband med jubileumsmarkeringa 1. november kjem vi med denne gladmeldinga:

Neste år kjem nynorske utgåver av både Charlie og sjokoladefabrikken og Georgs magiske medisin! Roald Dahls mest populære bøker blir hovudbøker i Blåmann, og det er Gyldendal som skal gi dei ut.

Charlie og sjokoladefabrikkenDette har vi ønskt oss lenge”, seier bokklubbredaktør Erle Stokke, som er ekstra fornøgd med at forfattaren Ragnar Hovland har takka ja til å omsetje bøkene.

”Samtidig som Blåmann har lyfta fram spennande, nyskrivne barnebøker, har vi heile tida jobba for å få fleire av dei kjende og kjære bøkene i nynorske utgåver. Vi har etter kvart fått ein god dialog med mange forlag om dette", seier Erle Stokke.


Blåmann Barnebokklubb er den einaste nynorske bokklubben, og det første medlemsbladet gjekk ut 1. november 2001.
Sidan då har Blåmann send ut over 100 000 bøker og har i dag ca 4000 medlemmer over heile landet. 75% av medlemmene bur i nynorskområda, men Blåmanns fokus på nyskriven kvalitetslitteratur har også appellert til mange litteraturinteresserte foreldrar utan nynorsktilknyting.


Del denne pressemeldingen på: