Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Vestlandets historie lansert i Håkonshallen i går
Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå – i høve til resten av landet og ei større omverd. Verket er gitt ut med støtte frå Visjon Vest, som er Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd.
Av Kari Hagen, 25. Oktober 2006, kl. 21.44

Vestlandets historieVestlandets historie er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg.
I tre bind tar verket for seg samanbindande forhold og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men også motkrefter i form av lokale skilnader og spenningar.

Hovudredaktør Knut Helle (f. 1930) er professor emeritus i middelalderhistorie ved Universitetet i Bergen og ein kapasitet på historiske verk i Noreg. Han har tidlegare vore hovudredaktør for Aschehougs Norgeshistorie (1994-1998), og ein av hovudredaktørane for Aschehougs Verdenshistorie (1999-2001).

Medredaktørar på Vestlandets historie er Ottar Grepstad, nordiskfilolog og direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta, Arnvid Lillehammer, arkeolog og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger og Anna Elisa Tryti, historikar og no rådmann i Naustdal.

Det er til saman 28 faglitterære og 20 skjønnlitterære forfattarar som står bak verket, alle med tilknyting til Vestlandet. Blant dei faglitterære bidragsytarane er Jørgen Amdam, Atle Døssland og Arnljot Løseth.

Det er ikkje gitt ut noko større eller meir påkosta verk i Noreg i år, og det er aldri før gitt ut ei landsdelshistorie i Noreg. Vestlandet historie er i så måte nok eit døme på vestnorsk skaparkraft!



Del denne pressemeldingen på: