Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Nytt fra Samlaget
Sjømannskap og mannsmot fra Ole M. Ellefsen og debutroman fra Marit Eikemo er stikkordene
Av Kari Hagen, 24. Oktober 2006, kl. 9.51

Farefull ferd på SunnmørskystenFarefull ferd på Sunnmørskysten

Sunnmørskysten har til alle tider vore ei farleg og lunefull kyststrekning.

I boka har Ole M. Ellefsen samla historier frå denne kyststrekninga, både djupt tragiske hendingar og historier om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene. For sjølv om teknologien har blitt betre, med sjømerking, vervarsling, større og betre båtar, handlar det framleis om å kunne sjømannskap og om å våge livet for å berge andre. Ole M. Ellefsen er leiar ved Aalesund museum og redaktør for Årbok for Sunnmøre historielag.

Mellom oss sagt Marit Eikemo: Mellom oss sagt
Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp.

Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Livets absurditetar trer tydeleg fram.

Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til – og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.


Del denne pressemeldingen på: