Krimdebuten til Kai Martin Brekke, «Nattergal», er innkjøpt av Norsk Kulturråd.
Forlaget Skald gav ut boka i mars og det er første gong vestlandsforlaget har gitt ut ein krim. Nattergal vart lansert som påskekrim og andreopplaget kom i pocketformat allereie til sommaren.
Kvart år vurderer ein fagjury fleire hundre bøker og av desse kjøper Norsk kulturråd inn 200 titlar i 1000 eksemplar. Bøkene går til biblioteka rundt om kring i Norge og skal heve og sikre kvaliteten på boktilbodet deira.
– Dette var moro, seier Kai Martin Brekke. I boka har han lagt handlinga til barndomsbygda Flåm. Ein kvinneleg amerikansk professor blir funnen myrda på Flåmsbana. I jakta på gjerningsmannen møter lensmann Mikkel Holo ei ukjend side av bygda si historie.
Kai Martin Brekke er utdanna (f:1958) er utdanna lærar og arbeider som journalist i Sogn Avis. I debutkrimmen "Nattergal" har han lagt handlinga til heimbygda Flåm.