No kjem Trond Løynings Økonomisk sosiologi, Olaf Almenningens Innføring i nynorsk og Gro Kvåle og Arild Wæraas Organisasjon og identitet.
Økonomisk sosiologi
Denne boka gir ei oversiktleg framstilling av fagområdet økonomisk sosiologi og utviklinga av tradisjonen fram til dagens forskingsfront.
Etter å ha definert feltet, tek forfattaren for seg korleis tema som marknadsprosessar, aktørar, haldningar og interesser er analysert i økonomisk sosiologi. I gjennomgangen vert det lagt vekt på sentrale tilnærmingar og resultat frå forskinga, både internasjonalt og i Noreg.
Innføring i nynorsk for høgare utdanning
Dette er alt du treng for å bli ein stødig nynorskbrukar. I tillegg til ein del tid og ein god porsjon tolmod.
Her finn du ei oversiktleg innføring i reglar for dei ulike ordklassane, dei viktigaste prinsippa for god nynorsk, åtvaring mot dei vanlegaste fellene, og oppgåver som hjelper deg å bli stø i det du nett har lært. Boka gir eit kort språkhistorisk riss, og er krydra med litterære godbitar frå nynorsk skjønnlitteratur.
Organisasjon og identitet
Korleis oppfattar verksemder seg sjølv, og korleis går dei fram for å vise kven dei er? Denne boka gir ein introduksjon til emnet organisastorisk identitet.
Ulike prosessar og mekanismar blir drøfta, som til dømes strategiske val i forhold til kva ei verksemd ønsker å vere, logoar og symbolbruk, samspelet med omgivnadene og utviklinga av identitet gjennom dagleglivet i verksemda.