Norsk utvandringshistorie og NLÅ 2006
Nyheter fra Samlaget
Av Bent Mosfjell, 11. September 2006, kl. 9.13

Norsk utvandringshistorie

Opp gjennom historia har det vore fleire store utvandringsbølgjer frå Noreg, m.a. til Amerika og Nederland.

I denne boka tek forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, og ser henne i lys av internasjonal migrasjonsforsking. Medan ein tidlegare har fokusert på strukturelle og økonomiske årsaker til utvandring, blir migrasjon i dag sett meir som ein prosess som over tid blir sjølvdrivande

Norsk Litterær Årbok 2006

NLÅ 2006 inneheld oversyn over bokåret 2005, og kommenterer dei viktigaste debattane i året som gjekk.

Årboka inneheld òg siste nytt frå forskingsfronten, mellom anna artiklar om norsk poetokrati, Garborgs Kolbotn-brev, Ibsen og Bjørnson. Av den nyare litteraturen blir Inghill Johansens prosa omtalt og analysert. Bibliografien over norsk litteraturforsking bak i årboka inneheld som vanleg eit breitt oversyn over nye artiklar og bøker innanfor norsk litteraturforsking.?