Vårlisten bringer viktige historiske personer frem i lyset.
- Biografiene handler om mennesker som har satt sitt preg på Norge, religiøst historisk og kulturelt. Mange av dem er litt glemt, men fortsatt viktige. Jeg er stolt av en så bred sakprosaliste.
Anja Rålm, informasjonskonsulent i Samlaget, svarer kontant på vår antydning om at vi ikke kjenner til de fleste som får en biografi denne våren.
Hvilken av biografiene vil du spesielt fremheve?
- Biografien om Geirr Tveitt. Han var en kjempestor komponist i utlandet, men ble aldri så stor her hjemme. Han hadde et kontroversielt og spennende liv. Alkohoproblemer og feil sympatier under krigen er en del av det.
Geirr Tveitt og Olav H. Hauge ble begge født for hundre år siden og bodde tvers overfor hverandre i Hardanger. De to kjente hverandre godt, og det arrangeres et felles 100-års jubileum.
- Vi utgir en barnebok av Hauge nå i vår og det kommer flere Haugeutgivelser til høsten.
Forlaget utgir også en bok av Stephen J. Walton om hvordan man skriver en biografi.
- Skaff deg et liv gir den akademiske teorien om biografiskriving og går blant annet inn på feller man kan gå i. Midt inne i boken gjør han et morsomt grep. Han skriver sin egen selvbiografi for å eksemplifisere. Han mener at enhver biograf bør skrive sin egen biografi før man skriver andres, for å lære hvordan man skal uttrykke seg i en slik bok.
Einar Økland er ute med en essaysamling og Rune Timberlid har skrevet en ny krim. Listen krydres med en bok om verdens undergang, Apokalypse nå igjen? av Simon Malkenes og Gudmund Skjeldal har skrevet om snø og klima.
Anja Rålm håper Alice Sebold virkelig får en god vår. De utgir hennes nye bok Nesten evig. Samtidig utgis det en billigutgave av Alle mine kjære, en bok som blir filmatisert av Steven Spielberg.
- Jeg googlet akkurat Alice Sebold og fikk 409 000 treff. Vi håper hun skal slå igjennom i markedet i vår.
Samlaget har som alltid en omfattende liste med barne- og ungdomsbøker.
- Kari Stai har skrevet en flott barnebok, der hun står for både tekst og bilde. Debutanten er en av veldig få som behersker begge deler.
Ingelin Røssland utgir første boken i en triologi for ungdom. Dette er en storsatsning for forlaget.
Nedenfor følger forlagets egen presentasjon av alle bøkene:
Vårens bøker 2008 frå Samlaget
Skjønnlitteratur
Kant i kant av Einar Økland
Etter sju år er Einar Økland endeleg tilbake med ei ny essaybok. Kant i kant inneheld bortimot førti tekstar. Her er festtaler, intervju og bestillingsverk, her blir det tala om alt frå krig og målarkunst til marsipan og snømenn.
Forteljaren er kunnskapsrik, underhaldande, skarp, audmjuk, humoristisk og alvorleg.
Rune Timberlid kjem med ny krimroman, Operasjon Siskin, der vi igjen møter politibetjent Rolf Randen. Eigaren av Sunnfjordsenteret i Førde, Vilhelm Siplo, blir funnen drepen på kontoret. Spora går i ulike retningar, til MC-miljø i Sogndal, til eit gamlingmiljø i England der ein fiksar resultata i fotballkampar. Det viser seg at motstandsrørsla under krigen har større verknad i dag enn det Rolf Randen hadde trudd.
Nesten evig av Alice Sebold. Omsett frå engelsk av Anne Karin Torheim.
Ny bok frå forfattaren av Alle mine kjære, som vi relanserer i billigutgåve i januar. Alle mine kjære blir i desse dagar filmatisert av Stephen Spielberg og Peter Jackson, med Susan Sharandon, Rachel Weiss og Stephen Tucci i hovudrollene.
I Sebolds nyomsette roman Nesten evig går hovudpersonen Helen Knightly ut over sine eigne grenser, ho tek livet av mora si. I mange år har ho teke vare på alle andre enn seg sjølv: den brysame mora, den gåtefulle faren, ektemannen og den no vaksne dottera. No tek livet hennar ei retning ho aldri ville ha tenkt seg.
Av skodespel kjem Eg er vinden av Jon Fosse, eit drama som speler seg ut i ein tenkt båt. Her vender Fosse tilbake til eit kjernemotiv i forfattarskapen: To vener går kvar sin veg. Den eine har flytta eller gått bort, den andre sit igjen og minnast. I dette stykket kjem den første tilbake. Eller gjer han eigentleg det?
Sakprosa
Ein betre vår ein gong. Elias Blix (1836–1902) av Anders Aschim
Ein biografi om bibelomsetjaren, kyrkjestatsråden og teologiprofessoren Elias Blix (1835–1902). I dag er han mest kjend som forfattaren av mange av våre kjæraste salmar.
Blix var også politikar og fekk i 1885 igjennom det heroiske vedtaket om måljamstelling.
Anders Aschim, sjølv teolog og bibelomsetjar, har funne fram mykje nytt stoff, og har skrive den første biografien om den særeigne bakgrunnen og livet til denne gåverike salmediktaren.
Mellom triumf og tragedie. Geirr Tveitt – ein biografi av Reidar Storaas
Komponisten Geirr Tveitt ( 1908–1981) 100 år!
I samband med jubileet for den særmerkte, talentfulle og kontroversielle komponisten Geirr Tveitt har Reidar Storaas skrive ein ny og sterkt utvida versjon av biografien han gav ut i 1990. Eit positivt og usminka portrett.
Bernt Støylen 1858–1937. Ein biografi av Olga Støylen Runde
Folkekjære Bernt Støylen (1858–1937) var biskop i Agder 1914–30. Som medlem av kyrkjekommisjonen av 1908 stod han for ei fri folkekyrkje, han ivra for fråhaldssak, målsak og misjon. Saman med Peter Hognestad og Anders Hovden stod han i 1925 bak Nynorsk salmebok, og han gav sjølv ut fleire preikesamlingar, pedagogiske verk, barnerim, salmar, ABC og lesebøker for folkeskulen. Støylen var ikkje sjølv teologisk liberal, men møtte på sine eldre dagar sterk motbør frå kyrkjeleg hald fordi han sa ja til å ordinere ein radikal biskop.
Skaff deg eit liv! Om biografi av Stephen J. Walton
Kva kan ein vite om eit liv? Og kor går grensene for kva ein kan fortelje om livet til ein annan person?
Det er mellom anna dette Stephen J. Walton undersøkjer i denne boka. Han er kritisk til den tradisjonelle måten å skive biografiar på, og etterlyser meir eksperiment og nye måtar å setje saman biografiske tekstar på. Walton er professor ved Høgskulen i Volda og har m.a. utgitt biografien om Ivar Aasen, Ivar Aasens kropp (1996).
Apokalypse nå igjen? Av Simon Malkenes
Apokalypse nå igjen? tar for seg den kanskje mest dominerande av alle forteljingar, den om verdas undergang. Skal ein forstå samtida må ein forstå apokalypsen: den endelege miljøkatastrofen, terroristanes verdsherredømme, trusselen frå "ondskapens akse". Den apokalyptiske retorikken er konspirasjonsteoriens fetter, og forklarar fleire komplekse fenomen ut frå kampen mellom det gode og det vonde. Og vinn dei vonde, så er det ute med oss.
Fallande snø av Gudmund Skjeldal
I Fallande snø skriv Skjeldal nostalgisk og personleg om barndomsvintrar, om snøen i kunst og kultur og om kva vi kan miste om vi berre står att med tre årstider. Han skriv om klimaangsten mange av oss lir av, og om den dårlege samvittigheita vi får etter kvar flytur.
Boka er også ein politisk pamflett som kritisk ser på kva norske styremakter, dvs. Stoltenberg har sagt, lova og gjort. Eller har unnlate å gjere. Mens vi held fram med å forureine i stor skala.
Gudmund Skjeldal er idéhistorikar og prosjektleiar for klimainitiativet Hvit Vinter
Torvald Tu – eit diktarliv av Jan Olav Gatland
Torvald Tu (1893–1955) var ein av dei mest folkekjære diktarane i mellomkrigstida og blir ofte samanlikna med Alf Prøysen. Han skreiv skodespel, dikt og korttekstar, alltid med motiv og stoff frå bygdemiljøet på Jæren og med sans for humoren i det folkelege lynnet. I denne vesle biografien teiknar Jan Olav Gatland eit fint bilde av jærdiktaren som aldri blei ein del av det høglitterære miljøet og som ikkje levde noko A4-liv verken som diktar eller privatperson.
Handbok i moral av Epiktet
Epiktets Handbok i moral kjem i vår ut i ny og modernisert utgåve, med forord av filosofen Jon Hellesnes. Epiktet levde i Roma som lærar i filosofisk livskunst omkring 50 e.Kr. Han står sentralt i den stoiske tanketradisjonen og blir nemnd saman med Seneca, Mark Aurel og Pascal. Ein grunntanke hos Epiktet er at ein ikkje skal uroe seg for ting ein ikkje rår over, ein skal søkje sinnsro i alle samanhengar. Boka inneheld 53 ”visdomsord” eller etiske formaningar, som alle kan ha noko å seie menneska i dag.
Årboka Litteratur for barn og unge 2008 av Per Olav Kaldestad og Karin Beate Vold
Denne årboka inneheld mellom anna portrettintervju med Einar Økland og artiklar om Rasmus Løland, norske bildebøker og kriminallitteratur for ungdom. Stian Hole reflekterer omkring bildebøkene sine, og Ingunn Aamot omtaler Pulverheksa-bøkene.”Vindauge mot verda” tar for seg skandinavisk og japansk barnelitteratur. Årboka har dessutan oppdatert fag- og forskingsbibliografi og aktuell statistikk frå Norsk barnebokinstitutt.
Barne – og ungdomsbøker
Barn frå 0–12
Jakob og Neikob av Kari Stai
Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For mens Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike?
Jakob og Neikob er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap, genialt illustrert av forfattaren sjølv. Ei herleg forfriskande biletbok!
Kari Stai er debutant.
Kuvenninnene av Annlaug Auestad
Ei bok om rauting og venninnekyr. Jorun er blank i pelsen, Konni har fin bjølle, Gullhorn har dei flottaste horna, og Berta dei største jura…
Ei humoristisk biletbok om kyr, vennskap og krangling. Her er det rauting av ypparste klasse.
Nøff nøff Benny av Barbro Lindgren og Olof Landström (ill.)
Ei ny og herleg bok om Benny!
Benny og veslebror nøffar i veg. Dei har lova å halde seg borte frå dammen. Men det går ikkje når veslebror blir dytta uti og etterpå får trøst hos Klara, for Benny vil jo også sitte på fanget til Klara. Då er det berre ein ting å gjere, nemleg ramle uti.
Boka er nominert til svenske Augustpriset.
Når tussalusi kviskrar (a.t.) av Olav H. Hauge og Inger Lise Belsvik (ill.)
Vi feirar Olav H. Hauges 100-årsjubileum med eit nytt og illustrert diktutval for barn.
Når tussalusi kviskrar er både ei høgtlesingsbok for dei minste og ei bok som dei større barna kan studere på eiga hand, det er ei bok til å lese om att og om att.
Kensukes rike av Michael Morpurgo. Omsett av Øystein Rosse
Michael reiser verda rundt i båt med foreldra, men ein dag skjer det forferdelege: han fell over bord. Michael blir skylt i land på ei øy i Stillehavet, utan vatn og mat. Han legg seg ned for å døy. Då han vaknar, ligg det ein tallerk med fisk, frukt og ferskvatn ved sida av han.
Kven har lagt det der? Er det ein venn? Nokon å stole på?
Ei magisk eventyrhistorie i beste Robinson Crusoe-stil.
Smak på denne! Av Gull Åkerblom. Omsett av Eva Jensen. Teikningar av Karin Södergren.
Den sjuande boka om Moa og Samuel!
Moa og Samuel har bestemt seg for å berre vere venner. Alt var så rotete då dei var
forelska – og no er alt mykje enklare. Moa står ikkje lenger ved sida av når gutane
køyrer skateboard. Ho køyrer sjølv. Og det er faktisk muleg å gjere eitkvart for verda
viss ein verkeleg vil.
Fangar i natta av Atle Hansen
Ein morgon då Martin kjem ned til jolla si, er påhengsmotoren borte. Tjuvar har vore på ferde og stole fleire motorar i båthamna.
Fangar i natta er ein uavhengig oppfølgjar av spenningsbøkene Det kvite pulveret og Skatten i Skutevika, der vi også møter vennene Anders, Martin, Anna og Steinar som bur i eit lite øysamfunn.
Spenningsbok!
Kvalen blå dansar salsa av TerjeHellesen. Anna Fiske (ill.)
Kvalen blå er dritlei av havet og av å symje rundt på djupet. Ho vil finne eit diskotek der ho kan danse salsa. Dette er ei lettlesbok som tematiserer lengt, og det å finne sin plass i livet, og nokon å dele denne plassen med, på godt og vondt – alt dette fortalt på ein vill og morosam måte.
Det er Terje Hellesens første bok for barn.
Ungdom
Englefjes av Ingelin Røssland
Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes, og i sitt første oppdrag kjem ho på sporet av verre lovbrot enn ho først trudde ho ville finne: På den bortgøymte Solstråleøya blir ei kvinne funnen død. I jakta på forbrytarer får Engel sjølv trøbbel med politiet. Ho ser til slutt ingen annan utveg enn å sette opp ei felle med seg sjølv som agn.
Og då begynner ting verkeleg å gå gale.
Første bok i ein rå trilogi for ungdom!
Eg var der. Forteljingar mot gløymsla av Gudrun Pausewang. Omsett frå tysk av Øystein Rosse.
Kva skjer når gode naboar plutseleg ikkje snakkar til kvarandre på grunn av forskjellig bakgrunn?
Denne novellesamlinga handlar om vanlege folk i Tyskland under andre verdskrigen. Ei sterk og lågmælt samling historier om som minner oss om at vi aldri må gløyme
Høgare utdanning
Syng gudinne. Inspirasjon og litteratur av Sigrid Bø Grønnstøl
Litteraturvitskap
Samskriving. Nye skrivepedagogiske utfordringar av Alf Gunnar Eritsland
Pedagogikk
Introduksjon til samfunnskunnskap. Fagstoff og didaktikk. 2. utgåve av Kjetil Børhaug, Jonas Christophersen og Tone Aarre
Samfunnskunnskap
Om historiekultur av Ola Svein Stugu
Historie
Norsk minoritets- og urfolkshistorie av Einar Niemi
Historie
Vekkelsevind: norsk vekkingskristendom gjennom hundre år av Bjørg Seland og
Olaf Aagedal
Historie
Billigutgåver:
Alice Sebold: Alle mine kjære
Roman
Rolf Sagen: Springfart ved fjorden
Roman
Rønnaug Kleiva: Fangeteneste
Noveller
Solfrid Sivertsen: Små, små løgner
Noveller
Olav H. Hauge: Dikt i samling
Lyrikk
Ragnar Hovland: Fredlaus
Ungdomsbok
Svein og Einar Sæter: XU
Sakprosa
Marta Norheim: Røff guide til samtidslitteraturen
Sakprosa
Idar Lind: Norrøn mytologi
Sakprosa
Edmund Austigard:Taxi for B.A Beckström
– eller kunsten å danse på furu
Roman
Jon Fosse:Andvake
Roman
Frode Grytten:
Rom ved havet, rom i byen
Noveller