Kategorier:
S�k i artiklene
M�nedsarkiv:
Utanfor institusjonen
Lars Amund Vaage skriv om galskap i den andre diktsamlinga si. Korleis er det � leva med det uforklarlege?
Av Kari Hagen, 12. November 2006, kl. 20.35

Utanfor institusjonen

Lars Amund Vaage.jpgEg vender tilbake til landskapet der dei galne eingong var

S� mykje har endra seg, eg kan ikkje lenger sj�

luftegardane der dei vandra kvilelaust bak dei h�ge gjerda

eller sat samankr�kte, inst inne ved murveggen

End�til husa dei budde i i gode periodar er rivne

eller ombygde og mangelen p� galskap sl�r imot meg

Eg hugsar d� eg m�tte dei galne f�rste gongen

Dei ville blikka, h�ge hyl og dei sprang og sprang

tett inntil meg og langt borte

Kva s�g dei med sine oppsperra augo

Kva kan dei ha observert, inst i augnekroken

Kva s�g dei galne utan � sj�

Kva st�r igjen etter dei i det ufattelege

landskapet i landskapet

Han skriv ogs� om blafringa i fallskjermar, motorbr�l og klokka som tikkar inne i isen.
Lars Amund Vaage debuterte i 1979 og har skrive romanar noveller, skodespel, dikt og barneb�ker.

Han har mellom anna mottatt Kritikarprisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen og P2-lyttaranes romanpris, og vore nominert til Nordisk R�ds litteraturpris.


Del denne artikkelen p�: