Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:
Irene Larsen debuterte i 2005 med diktsamlinga Anemonepust, som krinsar om kropp, språk, seksualitet, landskap, i veksling mellom korte haikuaktige dikt og lengre prosalyrikk.
Dikta blir til i spennet mellom det høgstemte og det kvardagslege, mellom hardt og mjukt, mørkt og lyst. Irene Larsen prøver ut grensene for språket og sjokkbehandlar lesaren med nye ord og plutselege vendingar der kvardagshendingar avslører brå djup og mange botnar.
Diktsamlinga er komponert rundt fire hovudtitlar i eit komplisert mønster som er vanskeleg å halde fast i eit enkelt skjema.
Menneskekroppen er den sentrale arenaen, ofte skildra i mikroperspektiv med skarp anatomisk presisjon.
Samlinga utforskar forholdet mellom kropp og språk, som samtidig blir ei utforsking av samanhengen mellom bilete og ting. Den nyskapande og overraskande biletbruken forvandlar kvardagsobservasjonane til allmenngyldige situasjonar som peikar ut over seg sjølv.
Dikta viser oss samanhengar som vi både kjenner igjen og aldri har visst om.
Språk, menneske, livskår i Nord-Norge er ein finstemt klangbotn i alt Irene Larsen skriv og ho har ei spesiell evne til å konkretisere opplevingar og livserfaring i eit fortetta poetisk uttrykk.
Irene Larsen er fødd 1964 i Skjervøy, er busett i Ersfjordbotn og arbeider som lærar på Kvaløya.
Ho svarer dårleg til myten om den einsame poeten som dyrkar skrivinga i løyndom, samlar dikt i skuffa og så debuterer når skuffa plutseleg er full.
Kanskje har ho snarare funne særpreet sitt gjennom utprøving av tekstar saman med andre. Ho er ein del av poesikollektivet Jernbanepoetane, seks kvinner som bruker kafeen Jernbanestasjonen i Tromsø som møteplass. Diktskrivinga starta ho i eit anna skriveforum, Diktkammeret i Dagbladet, der ho framleis publiserer tekstar og fire gonger har vore kåra til månadens poet.
Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. I juryen sit Bjørn Andor Drage, Ragnfrid Trohaug og Svenn Fosseng.
I 2005 var det journalist og lyriker Tove Myhre som mottok prisen for diktsamlinga Strupesong.
Prisutdelinga skjer på Sør-Varanger bibliotek under den nordnorske bokdagen 17. november.