I forrige veke deltok Skald forlag på den store bokmessa i Frankfurt. Forlaget var eit av ti på den norske fellestanden. Skald var det einaste vestlandsforlaget som representerte nynorsk litteratur på eit av verdas største bokbransjetreff. Meir enn 150 000 fagpersonar møttest på messa og forlagsredaktør Simone Stibbe presenterte dei utanlandske kollegaene for to barnebøker og ei reisebok.
– Eg måtte forklare nokre gonger kva som er skilnaden mellom nynorsk og bokmål, og dei fleste tykte det var spennande at vi gir ut barnebøker på begge målføre, fortel Stibbe.
Den største barneboksuksessen var Ulveungen Sim av Stella East. Den lærerike boka om ulv vert truleg gitt ut i Danmark, Sverige og Tyskland, og vekte dessutan stor interesse hjå finske, canadiske, koreanske og spanske forlag.
– Det er vanskeleg å sei om boka om ulveungen Sim også kjem til å bli utgitt i desse landa, men interessa for emnet ulv og Stella East sine vakre illustrasjoner var stor, seier forlagsredaktør Simone Stibbe.
Tidlegare i år gav Skald ut Jakob Sande for barn. Den fargerike barneboka Gåsa, katten og hanen, illustrert av Ingunn Wiken, var også med til Frankfurt. Wiken sine illustrasjoner vart lagt merke til på messa. No vurderar eit forlag frå Tyskland å gi ut boka.
Salssuksessen frå i fjor, Gran Canaria – 53 opplevelser, vert nok selt til Sverige. I 2005/2006 reiste nesten 200.000 svenskar til øya, nesten like mange som reiste fra Norge.
– Då eg drog til Frankfurt, var det ein ting eg visste heilt sikkert, og det var at praktboka om denne ferieøya ville gå til Sverige, seier Stibbe som var svært nøgd med messeopphaldet.