Kategorier:
Søk i artiklene
Månedsarkiv:
Illustrerende Canadier debuterer som forfatter
Forlaget Skald lanserer Stella East. Nå som både forfatter og illustratør i fengende barnebok. Ulveungen Sim, en reise i fantasi og farger.
Av Kari Hagen, 25. September 2006, kl. 21.57

Stella East debuterer som forfattar

Stella East.jpg
Den kjende illustratøren, Stella East, debuterer som forfattar og gir no ut barnebok på Skald forlag. Ho har tidlegare illustrert bøker for Jostein Gaarder og Tor Åge Bringsværd, men dette er fyrste boka ho både skriv sjølv og illustrerer.

Den vesle ulveungen Sim er ein leiken krabat. I dyrehagen fortel ulvemamma Una om korleis det er å leve i Verda Utanfor: springe over store sletter, jage i flokk gjennom skogane, hyle mot månen. Sim synest det høyrest fint ut å kunne fare av stad i full fart og boltre seg med heile naturen som leikeplass. Bak i boka finn du mange interessante fakta om ulven.

Stella East er opphavleg frå Canada, men har budd i Ulvik i mange år. Ho er utdanna illustratør både frå USA, Noreg og har vore tilknytt HardingPuls i mange år. Nokre av bileta hennar er innkjøpte, og ho er også premiert. Bileta hennar er kjent for sine sterke fargar, detaljrike motiv og drøymeaktige uttrykk. I samband med bokutgjevinga held East utstilling av originalbileta på Kafè Pygmalion i Bergen.
Ulveungen Sim.bmp

Del denne artikkelen på: