Lars Ove Seljestad debuterte våren 2005 med den kritikerroste romanen
Blind som førte til en omfattende debatt om industrikultur, identitet og klassereise. Nå har Seljestad skrevet en selvbiografiske og funderende boken
Bastard.
Bastard er en fortelling om Lars Ove Seljestad og om Odda, men også historien om det moderne Norge som i løpet av én generasjon forandret seg dramatisk. Den historien har mange vinnere, og mange tapere. Seljestad portretterer begge.
Boken nyanserer klassereisebegrepet og utdyper debatten som startet i fjor. Den forsøker også å forstå den moderne identitet og hvordan betydningen av arbeid har endret karakter.
Bastard
Når eg no snur meg og ser meg tilbake, ser eg ein arbeidargutt som var rein, født til å vera femte generasjons smelteverksarbeidar og fagforeiningsmann som faren og bestefaren før han. Ein arbeidargutt med omlag same verdiar, erfaringar og holdningar som dei han voks opp i lag med. Men ser eg litt lenger fram, ser eg ein ung mann ved Norsk Humanistisk Akademi som prøver å kvitta seg med arbeidarklassehabitusen sin og bli ein nyfrelst oslofjordhumanist. Og her er det, tenker eg, det brotet som gjorde meg til ein bastard. (Fra bokens innledning)
Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad er født i Odda i 1961. Utdanna sosiolog. I sitt sosiologiske virke har han særleg vore opptatt av arbeidet si kulturelle betydning og av relasjonen ungdom, arbeid og identitet. Forfattaren har også arbeidd med biografiske tilnærmingar til fagfeltet.
Etter oppvekst i industrikultur og trygg modernitet i heimstaden Odda, har forfattaren sidan 1980 levd eit postmoderne nomadisk liv med stadig nye biografiske overgangar og brot. Dette kjem til uttrykk både gjennom ei rekke ulike bustader og forflyttingar, så vel som ulike former for utdanning og arbeid.
Etter 1980 har forfattaren vore innom studiar ved tre ulike fakultet ved Universitetet i Oslo; det juridiske fakultet, det historisk-filosofiske fakultet og det samfunnsvitenskaplege fakultet. Han har studert kunstfag og drama i det norske folkehøgskulesystemet, litteratur ved Skrivekunstakademiet og vore forskarutdanna i Universitetet i Bergen sitt utdanningsprogram for samfunnsforskarar. Han var også ei kort tid innom og snuste på idehistorie ved Århus Universitet, samt etnologi ved Universitetet i Bergen. Ei tid var han også overbevist om at det var trebåtbyggar og småbrukar han skulle bli når han blei stor. [Cappelen]